fredag 27. august 2010

Kanotur i Sognefjorden

Då var det endelig tid for å begynne å studere igjen, etter ein akkurat passelig lang sommarferie. Årets første tur er ein 3 dagars kanotur på sognefjorden. Måle for  turen er å bli kjent med klassa og utøve basisfriluftsliv.I planleggingstimen vart klassen delt opp i fem grupper, der kvar gruppe skal ansvar for å lage gapahuk og organisere matenlalgiga internt i gruppa. Gruppa mi bestod opphavleg av Mads, Mini og meg, men vi var så heldig å få Tove frå B3 med på laget.



Turen gjekk frå Amlabukta på Kaupanger til ein utvalt leirplass på Holm, som ligger litt lengre ute i fjorden:



Padling på flatt vatn i amlabukta var ganske kurant, men vi fant for ut at det kan være vanskelig å holde ein stabil kurs når kanoen blir utsett for vind og straumpåverknad. For å navigere mest mogleg hensiktsmessig med kano, må vi fordele arbeidsoppgåvene. Den som sit framme er ”motor”, mens den som sit bak står for styringa.
For å styre kanoen kan den som sit bak enten nytte J-tak eller sveiptak. Den som framme bak kan i enkelte tilfeller nytte motsatt padletak (countring) eller eit krysstak for svinge. Men dette bare vanlig når ein har behov for hurtig navigering, som til dømes ved padling i elv.



Når ein er ute å padlar i kano kan uhelle være ute og ein kan gå rundt. Det er då viktig at ein ikkje har festa for mykje utstyr i kanoen slik at den blir vanskeleg å snu den igjen. Dersom ein er fleire kanoar i følgje, kan ein nytte kameratredningsteknikkar for å hjelpe kvarandre. Men dersom ein padlar aleine er det lurt å ikkje padle for langt frå land slik at ein klarar å berge seg i land. Det finnes også eigenredningsteknikkar.

Kameratredning:

  1. Slepp aldri åra!
  2. Kanoen som skal hjelpe plasserer seg slik at den velta kanoen står 90 grader på redningskanoen. Personen bak i redningskanoen løfter den velta kanoen opp på redningskanoen slik at den tømmast for    vatn. Personane i vatnet kan stabiliserer redningskanoen, eller hjelpe til å løfte den velta kanoen.
  3. Den velta kanoen snus og plasseres ”long side” redningskanoen.
  4. Personane i redningskanoen stabiliserer den andre kanoen med årene, mens dei andre hopper oppi  kanoen.
For meir informasjon om sikkerheit i kano kan ein gå inn på noregs padleforbund sine heimeside (http://www.padling.no/t2.asp?p=77453).

På denne turen hadde vi mykje fokus på hygge og det sosiale, dette var kjekt særlig sidan vi har 4 nye elever i klassa. Vi rakk også å komme inn på ein del fagemner i basisfriluftsliv; forutan om elvepadling, fekk vi litt opplæring i bål-fyring, orientering, primus og kva vi bør ha i førstehjelpsskrinet.


Alt i alt ein kjekk tur med mykje leik og moro! (og litt læring då) J


Fagblogg

I samband med bachelor studie i friluftsliv ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal eg blogge frå turane som vi er med på.