onsdag 20. oktober 2010

Vegleiartur

Tilbake frå ein tur med mykje leik, humor, song og ablegøyer, ein herlig gjeng å være på tur med! Turen hadde eit sterkt fokus på hygge og det sosialel, med god mat og korte dagsetappar. Den første dagen gjekk vi frå Sogndal sentrum, langs austsida av Barsnesfjorden og opp til den gamle støylen ved Dal. På Dal hadde vi noen samtaler kring val av leirplass og leirliv. Hensikten med dette var å kartlegge gruppas erfaringar, samt reflektere over verdiar, normar og regler vi har i naturen.  Vi kom fram til at vind, vatn, sol, snøskred, støy, brensel og blodsugarar er nokre av faktorane vi må ta omsyn til når vi skal velje leirplass.Den andre dagsetappa gjekk i frå Dal og over til Ølnes som ligg på andre sida av Barsnesfjorden. Her møtte vi ei anna gruppe som vi laga felles leir med. Dag tre gjekk i frå ølnes, via Åberget og heim til Sogndal.

 Eit poeng med denne turen var at både B2 og B3 studentane skal få prøve seg som vegleiarar. På turen fekk eg og Iselin i oppgåve å vegleie B1 studentane i grunnleggjande orienteringsferdigheitar. Ta ut og følgje kompasskurs, oppgi kartreferanse og krysspeiling ser vi på som grunnleggjande ferdigheitar i orientering, og viktige for å drive eit sikkert frilufsliv.

Som vegleiar kan ein nytte ulike arbeidsmetodar for å nå fram til læringsmåla. Mesterlæremodellen og handlings og refleksjonsmodellen er to vanlige arbeidsmetoder i vegleiing i frilufsliv. Mesterlæremodellen er ein dedutiv arbeidsmetode der vegsøkar lærar gjennom observasjon og imitasjon av ein ”mester”. Handlings og refleksjonsmodellen er ein induktiv arbeidsmetode der vegsøkar lærar gjennom aktiv handling og deltaking (Østrem, 2003).

mandag 11. oktober 2010

Vegleiartur - før turen

So var det endelig tid for vegleiartur igjen! Eg er så heldig å komme på gruppe med Sara og Elise frå B3, Iselin frå B2 og Lars Petter, Magnus og M frå B1. Eg kjennar ikkje studentane frå B1 på førehand, men gleder meg stort til  å bli kjend med dei. Turen skal vare i tre dagar og gå i ei sløyfe rundt Barsnesfjorden. Frilufsliv i nærmiljøet med andre ord.


Mål for turen
• Bli bedre kjent
• Basisferdigheter i friluftsliv
• Trivsel ute uten telt som ly for vær og vind
• Bli bedre på enkel orientering
• Mat på bål

LÆRINGSMÅL

Tilegne seg kunnskap i basis friluftsliv som bygging av gapahuk, tenning av bål, sporløs ferdsel og bruk av kart og kompass.