fredag 25. februar 2011

Tur til Vigedalen

Denne gongen gjekk turen til Vigedalen. Vigedalen er ein sidedal til Jostedalen og ligger like utafor Breheimen som vart Nasjonalpark i 2009. Denne turen var ein kort tur med 1 overnatting.  Den første dagen hadde vi gjennomgang av kameratredning av skredtatte, mens den andre dagen gjekk med til topptur, samt litt meir gjennomgang av kameratredning.

Dei faglege måla som vi jobba mot på turen var:
         Tilegne seg kunnskap om utstyr og metoder i forbindelse med bedret sikkerhet i bratt terreng
         Knytte til seg erfaring om kameratredning i snøskred
         Innføring av veivalg og organisering av grupper på tur i bratt terreng

Om nokon blir tatt i snøskred er tid ein vesentleg faktor for om ein overlever. Vi veit sjansen for at ein
begravd person overlever reduserest drastisk når ein har blitt begravd meir enn i 15 minutter.
Sida tiden er ein så viktig faktor er ein begravd person nesten alltid avhengig av kameratredning for å
overleve. Det er derfor viktig at ein har gode rutinar og har øvd mykje på dette.
I det følgende skal eg prøve å gi ein "oppskrift" på korleis ein kameratredning utan bruk av S/M utstyr
kan oraniserast på ein effektiv og grundig måte.

  1. Ta ledelsen
  2. Skaff overblikk over situasjonen. Er det trygt å utøve kameratredning? kan det komme etterskred? Sikkerheiten til redningsmenn må alltid komme først.
  3. Overflatesøk. Gå over skredet og leit etter ski, staver, spor osv. Funn i skredmassene fortellerer oss noko om kvar dei skredtatte kan ligge. Stikk sporadisk i bakevjer, som til dømes bak steine og treer, her kan ein ofte gjære funn.
  4. Forsøk å skaffe eit  heilheitlig bilde av snøskredet og bestem primær søketeig ut i frå informasjon du har fått i overflatesøket, vitner osv.
  5. Sett igong 3 punkt grovsøk med søkestang i den primære søketeigen. 
  6. Ved funn må ein la søkestanga stå i ro. Utgraving skal skje nedenfor funnstedet slik at dei som graver slepp å hive snøen oppover.
  7. Utfør førstehjelp. Dersom personen er bevist kan ein la være å grave han/ho heilt ut for å hindre nedkjøling mens ein venter på hjelp.

mandag 7. februar 2011

Vintertur over Reineskarvet

So var vi tilbake frå vinterturen. Det har vore mykje vær, men god stemning og ein flott tur! Turen gav fine utfordringar og gode erfaringar.
Passe dagsetapper

På mange av dagsetappane hadde vi lite eller ingen sikt. Under slike forhold kan være veldig krevjande og ta seg fram, serlig på vinterfjellet kor mykje av landskapets konturar er viska ut av snøen.
I situasjonar der ein står i fare for å komme inn i skredfarleg terreng eller utløpssonar er det lurt å etablere leir og vente på betre sikt. Dette er også ein god løysing dersom ein ikkje klarar å finne ut kor ein befinner seg på kartet og dermed ikkje har kontroll på at ein befinn seg i eit trygt terreng.
Har ein har kontroll på kor ein befinner seg, og veit at ein kan halde seg på god avstand frå skredfarlig terreng er det fullt mogeleg å ta seg fram forsvarleg til tross for svært dårlig sikt.

Metoden som beskrevet under er svært effektiv for å ta seg fram som ein gruppe i dårlig sikt. Metoden er hentet frå Horgen (2009).


  • Gruppa tar ut konpasskurs frå eit sikkert punkt til eit anna.
  • Gruppa går på ei rekke der nummer 1 går på kurs mens nummer 2 og 3 korrigerer nummer 1.
Der er ofte ein utfordring for den som går ført og halde ein rett kurs. Dette gjøres best ved at ein finner små steiner eller andre haldepunkt lengre framme i terrenge og bruke desse til å sikte etter.
Når ein skal korrigere kursen er det viktig at ein ikkje gjær for store utslag slik at gruppa blir gående veldig mykje i zikk-zakk.


Vi som friluftslivsstudenter skal utdanne oss slik at vi kan ta med andre mennskje ut i naturen. Det er i den sammanheng veldig viktig og interressant å sjå på korleis vegleiarane våre løyser forskjellige læringssituasjonar. Ein vintertur kan i seg sjølv være veldig utfordrande, dette skapar heile tiden nye erfaringar for deltakarane. Ein slik læring kan vi kalle erfaringsbasert læring. Under ein slik læringsform er vegleiars rolle ofte tilbaketrukken slik at deltakarane sjølv kan erfare og dermed lære.
Metodene Lena og Odd lenart brukte under vegleinga varierte, men det virka som om dei var veldig  prosil essorienterte, dei gav oss god tid til  å løyse situasjonar på eigenhand og dermed rom til å lære.
I tillegg til den erfaringsbaserte læringa som heile tida fant stad var det også mykje sitasjonsbestemt læring. Vegleiarane var veldig flinke til å utnytte dei ulike læringssitasjonane som oppstod til det fulle.

Døme: Gruppa er på veg inn under eit potensielt skredfarlig terreng. Vegleiar stoppar gruppa og spør spørsmål for å få gruppa til å tenkje over situasjonen. Korleis ser terrenget ut over oss? Er henget skredfarleg? Korleis må vi legge ruta for å ungå eventuelle farer?