torsdag 17. november 2011

Veg-gledartur

Endeleg klar for vegleiartur! Etter to år som deltakar var det min tur å være vegleiarar. Eg og min medvegleiar Sigrid fekk med oss B2 studentane Tale og Nina og B1 studentane Bjørner, Vigdis, Kristoffer, Mikkel, Frida og Eli på sykkel og vantretur til Kaupanger.
På turen var hovudfokuset på basisferdigheter som orientering, leirrutiner og bålfyring.

Foto: Sigrid Pincus Gjertsen
Dette er den første turen på denne utdanninga der vi har fått prøve oss som vegleiarar med fullt ansvar for ein gruppe på tur. I dette blogginnlegget vil eg gå inn på ulike lederstiler og reflektere kring bruken av ulike leiarstilar på turen. 

Priest & Gass (2005) presenterer tre forskjellige lederstiler:

Autokratisk leiarstil: Vegleiar har full kontroll på dei avgjersle som blir tatt og korleis gruppa skal følgje desse avgjersla

Ein autokratisk leiarstil lønnar seg dersom ein har stort fokus på oppgåva og resultatmål eller dersom forholda er ugunstige. På denne turen hadde vi stort sett fokus på prosessmål og det sosiale, samtidig var forholda på turen gunstige. På bakgrunn av dette vade vi i svært liten grad å bruke denne leiarstilen. Eit tilfelle der vi valt å bruke ein autokratisk leiarstil var då vi skulle sykle gjennom eit trafikkert vegkryss. Mykje trafikk saman med ukjente deltakarar gjorde situasjonen ugunstig og ein autoritær leiarstil var nødvendig for å oppretthalde sikkerheita.

Vegleiar leiar ann
Foto: Sigrid Pincus Gjertsen

Demokratisk leiarstil: Vegleiar samarbeider med gruppa for å finne fram til den beste løysinga.

Demokratisk leiarstil kan brukast når forholda er middels gunstige og fokuset både er på oppgåva og det sosiale. Dette er den leiarstilen som vart nytta mest på denne turen. Under konstruksjonen av ein gapahuk brukte vi ein demokratisk leiarstil. Bruken av leiarstilen resulterte i at vi fekk ein konstruktiv diskusjon kring ulike aspekt ved bygging av gapahuk.

Gruppa finn fram til den beste løysinga
Foto: Sigrid Pincus Gjertsen
Abdikratisk leiarstil: Vegleiar overlatar beslutningsansvaret s ansvaret til gruppa. Eg vil presisere at det juridiske ansvaret ikkje kan deligerast til gruppa, men ligger alltid hos vegleiar.

Abdikratisk leiarstil kan brukast når forholda er gunstige og fokuset er på å oppnå prosessmål. Den andre dagen som vi skulle lage gapahuk valgte vi å nytte ein abdikratisk leiarstil framfor ein demokratisk som vi hadde nytta dagen før. Deltakarane kan då nytte erfaringane frå tidligare, å overføre dette til denne situasjonen.  

Val av leiarstil er avhengig av læringsmåla på turen og situasjonen gruppa befinner seg i. Vegleiar må bruke faglig skjønn basert på tidligare erfaringar til å sjå ann situasjonen opp mot læringsmåla og velje ein leiarstil ut i frå dette. Det er viktig ein som vegleiar kan være dynamisk og veksle mellom ulike leiarstilar, dette krevjar erfaring og trening.
God tur!

Priest, Simon & Gass, Michael A. (2005) Effectve Leadership in Adventure Programming. New Hampshire: Human Kinetics.

onsdag 16. november 2011

Klatretur til Frankrike

3.klasse Friluftsliv ved HISF har vore på studietur til den franske rivieraen for å oppleve korleis franskmennene driver naturbasert turisme og klatring. Under oppholdet var vi for det meste i Valon de Sour og klatre sportsklatring på lavtlandsklippe. Klippene i området er av dolomitisk kalkstein som vart  for ca 140 til 160 millioner år sida. Vi var også på ekrusjonar til ein via-ferata i Peile,vandring i Verdon (europas djupeste canion) og på handelsmarknad i Aix de Provanc.





Priest og Gass (2005) legger særlig vekt på vegleiaren sin rolle som tilrettelegger. Riktig tilrettelegging og tilpassing av undervisningen er nøkkelen til personene i gruppa opplever meistringsfølelse, dette skaper motivasjon til videre læring. Ein type læringssitasjon passer sjeldent for heile gruppa, for å tilpasse vegleiinga er det derfor viktig å kartlegge behovene til deltakerene. Videre må vegleiaren konstruere endringsprosesser slik at deltakerene oppnår ønska erfaring og læring. Det er viktig at vegleiar kjem med konstruktive tilbakemeldinger og oppmuntring for å motivere til læring.



Når det er god balanse mellom Ferdigheter/kunnskap og Risiko/Utfordringer opplev deltakeren maksimal mestring. Dette fenomenet blir ofte omtala som Flyt eller peak adventure (Priest & Gass, 2005). For at veleiaren skal kunne gi god tilrettelegging i klatring er det ein stor fordel dersom vegleiar kjenner til rutene.



Priest, Simon & Gass, Michael A. (2005) Effectve Leadership in Adventure Programming. New Hampshire: Human Kinetics.