Endeleg klar for vegleiartur! Etter to år som deltakar var det min tur å være vegleiarar. Eg og min medvegleiar Sigrid fekk med oss B2 studentane Tale og Nina og B1 studentane Bjørner, Vigdis, Kristoffer, Mikkel, Frida og Eli på sykkel og vantretur til Kaupanger.
På turen var hovudfokuset på basisferdigheter som orientering, leirrutiner og bålfyring.
Foto: Sigrid Pincus Gjertsen |
Priest & Gass (2005) presenterer tre forskjellige lederstiler:
Autokratisk leiarstil: Vegleiar har full kontroll på dei avgjersle som blir tatt og korleis gruppa skal følgje desse avgjersla
Ein autokratisk leiarstil lønnar seg dersom ein har stort fokus på oppgåva og resultatmål eller dersom forholda er ugunstige. På denne turen hadde vi stort sett fokus på prosessmål og det sosiale, samtidig var forholda på turen gunstige. På bakgrunn av dette vade vi i svært liten grad å bruke denne leiarstilen. Eit tilfelle der vi valt å bruke ein autokratisk leiarstil var då vi skulle sykle gjennom eit trafikkert vegkryss. Mykje trafikk saman med ukjente deltakarar gjorde situasjonen ugunstig og ein autoritær leiarstil var nødvendig for å oppretthalde sikkerheita.
Demokratisk leiarstil: Vegleiar samarbeider med gruppa for å finne fram til den beste løysinga.
Demokratisk leiarstil kan brukast når forholda er middels gunstige og fokuset både er på oppgåva og det sosiale. Dette er den leiarstilen som vart nytta mest på denne turen. Under konstruksjonen av ein gapahuk brukte vi ein demokratisk leiarstil. Bruken av leiarstilen resulterte i at vi fekk ein konstruktiv diskusjon kring ulike aspekt ved bygging av gapahuk.
Gruppa finn fram til den beste løysinga Foto: Sigrid Pincus Gjertsen |
Abdikratisk leiarstil kan brukast når forholda er gunstige og fokuset er på å oppnå prosessmål. Den andre dagen som vi skulle lage gapahuk valgte vi å nytte ein abdikratisk leiarstil framfor ein demokratisk som vi hadde nytta dagen før. Deltakarane kan då nytte erfaringane frå tidligare, å overføre dette til denne situasjonen.
Val av leiarstil er avhengig av læringsmåla på turen og situasjonen gruppa befinner seg i. Vegleiar må bruke faglig skjønn basert på tidligare erfaringar til å sjå ann situasjonen opp mot læringsmåla og velje ein leiarstil ut i frå dette. Det er viktig ein som vegleiar kan være dynamisk og veksle mellom ulike leiarstilar, dette krevjar erfaring og trening.
God tur!
Priest, Simon & Gass, Michael A. (2005) Effectve Leadership in Adventure Programming. New Hampshire: Human Kinetics.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar