torsdag 17. november 2011

Veg-gledartur

Endeleg klar for vegleiartur! Etter to år som deltakar var det min tur å være vegleiarar. Eg og min medvegleiar Sigrid fekk med oss B2 studentane Tale og Nina og B1 studentane Bjørner, Vigdis, Kristoffer, Mikkel, Frida og Eli på sykkel og vantretur til Kaupanger.
På turen var hovudfokuset på basisferdigheter som orientering, leirrutiner og bålfyring.

Foto: Sigrid Pincus Gjertsen
Dette er den første turen på denne utdanninga der vi har fått prøve oss som vegleiarar med fullt ansvar for ein gruppe på tur. I dette blogginnlegget vil eg gå inn på ulike lederstiler og reflektere kring bruken av ulike leiarstilar på turen. 

Priest & Gass (2005) presenterer tre forskjellige lederstiler:

Autokratisk leiarstil: Vegleiar har full kontroll på dei avgjersle som blir tatt og korleis gruppa skal følgje desse avgjersla

Ein autokratisk leiarstil lønnar seg dersom ein har stort fokus på oppgåva og resultatmål eller dersom forholda er ugunstige. På denne turen hadde vi stort sett fokus på prosessmål og det sosiale, samtidig var forholda på turen gunstige. På bakgrunn av dette vade vi i svært liten grad å bruke denne leiarstilen. Eit tilfelle der vi valt å bruke ein autokratisk leiarstil var då vi skulle sykle gjennom eit trafikkert vegkryss. Mykje trafikk saman med ukjente deltakarar gjorde situasjonen ugunstig og ein autoritær leiarstil var nødvendig for å oppretthalde sikkerheita.

Vegleiar leiar ann
Foto: Sigrid Pincus Gjertsen

Demokratisk leiarstil: Vegleiar samarbeider med gruppa for å finne fram til den beste løysinga.

Demokratisk leiarstil kan brukast når forholda er middels gunstige og fokuset både er på oppgåva og det sosiale. Dette er den leiarstilen som vart nytta mest på denne turen. Under konstruksjonen av ein gapahuk brukte vi ein demokratisk leiarstil. Bruken av leiarstilen resulterte i at vi fekk ein konstruktiv diskusjon kring ulike aspekt ved bygging av gapahuk.

Gruppa finn fram til den beste løysinga
Foto: Sigrid Pincus Gjertsen
Abdikratisk leiarstil: Vegleiar overlatar beslutningsansvaret s ansvaret til gruppa. Eg vil presisere at det juridiske ansvaret ikkje kan deligerast til gruppa, men ligger alltid hos vegleiar.

Abdikratisk leiarstil kan brukast når forholda er gunstige og fokuset er på å oppnå prosessmål. Den andre dagen som vi skulle lage gapahuk valgte vi å nytte ein abdikratisk leiarstil framfor ein demokratisk som vi hadde nytta dagen før. Deltakarane kan då nytte erfaringane frå tidligare, å overføre dette til denne situasjonen.  

Val av leiarstil er avhengig av læringsmåla på turen og situasjonen gruppa befinner seg i. Vegleiar må bruke faglig skjønn basert på tidligare erfaringar til å sjå ann situasjonen opp mot læringsmåla og velje ein leiarstil ut i frå dette. Det er viktig ein som vegleiar kan være dynamisk og veksle mellom ulike leiarstilar, dette krevjar erfaring og trening.
God tur!

Priest, Simon & Gass, Michael A. (2005) Effectve Leadership in Adventure Programming. New Hampshire: Human Kinetics.

onsdag 16. november 2011

Klatretur til Frankrike

3.klasse Friluftsliv ved HISF har vore på studietur til den franske rivieraen for å oppleve korleis franskmennene driver naturbasert turisme og klatring. Under oppholdet var vi for det meste i Valon de Sour og klatre sportsklatring på lavtlandsklippe. Klippene i området er av dolomitisk kalkstein som vart  for ca 140 til 160 millioner år sida. Vi var også på ekrusjonar til ein via-ferata i Peile,vandring i Verdon (europas djupeste canion) og på handelsmarknad i Aix de Provanc.





Priest og Gass (2005) legger særlig vekt på vegleiaren sin rolle som tilrettelegger. Riktig tilrettelegging og tilpassing av undervisningen er nøkkelen til personene i gruppa opplever meistringsfølelse, dette skaper motivasjon til videre læring. Ein type læringssitasjon passer sjeldent for heile gruppa, for å tilpasse vegleiinga er det derfor viktig å kartlegge behovene til deltakerene. Videre må vegleiaren konstruere endringsprosesser slik at deltakerene oppnår ønska erfaring og læring. Det er viktig at vegleiar kjem med konstruktive tilbakemeldinger og oppmuntring for å motivere til læring.



Når det er god balanse mellom Ferdigheter/kunnskap og Risiko/Utfordringer opplev deltakeren maksimal mestring. Dette fenomenet blir ofte omtala som Flyt eller peak adventure (Priest & Gass, 2005). For at veleiaren skal kunne gi god tilrettelegging i klatring er det ein stor fordel dersom vegleiar kjenner til rutene.



Priest, Simon & Gass, Michael A. (2005) Effectve Leadership in Adventure Programming. New Hampshire: Human Kinetics.

mandag 10. oktober 2011

Buldring på kvam

Buldring på kvam med Jørgen. God friksjon og artig buldring!

Mantling på "Mantelsauen" 6A+


Forsøk på "Tyngre briller" 6B

Jørgen går "Tyngre Briller" 6b

Hard hooking på "Svin på skogen" 5+ ?

søndag 9. oktober 2011

Jakttur til Leikanger!

No var det på tide at eg fekk sjekka ut Rypeforholda i Sogndal og omegn! Eg og Magnus bestemte oss for å ta oss ein tur opp til fjærlandsetevatnet for å sjå kva vi fant. Værmeldingene såg så som så ut, og sånn blei det og :)

Etter bare nokre hundre meter flaug det opp ei orrhøne på kloss hold! bare så synd at det var ca 5 kilometer å gå før jatterrenget vårt begynte :)
Det var bra med rypet i terrenget, heile 7 ryper såg vi! men det ble dessverre bare hull i lufta.
Uansett var det ein fin fin jakttur denne oktober-dagen.






søndag 2. oktober 2011

lørdag 1. oktober 2011

Naturbasert turisme i Nærøyfjorden

So var det klar for rotur i verdsarvområdet nærøyfjorde! Bussen gjekk frå Sogndal til Urdal, kor 3 robåtar låg og venta på oss. Etter ein omvisning i Urdal tok vi oss til skulestova i Dyrdal, der vi skulle overnatte.  Dagen etterpå tok vi oss vider inn til Gudvangen, der vi fekk høre om korleis dei nytta dei naturlige omgivnadane til turisme. Blant anna fekk vi høyre om planane om å bygge ein vikinglandsby. Robåtene vi nytta var "fjordfæringar", som har lange tradisjonar for ferdsel på Sognefjorden.



Mål
  •  Kjenne historia til sognafæringen og korleis den vart brukt i Indre Sogn
  •  Kjenne til Kystledet og korleis bruke robåt i friluftsliv undervisning
  •  Gjennomføre trygg gruppeaktivitet på fjorden med robåt
  •  Gjennomføre studenttema med tema turisme, naturbasert turisme og økoturism
Naturbasert turisme

På denne turen var naturbasert turisme eit av houvdtemaet. Det er ein rekke ulike definisjonar på kva naturbasert turisme er. Laarman og Burst definerte naturbasert turisme som turismeaktiviteter som inneholdt læring, rekreasjon og spenning (Mehmetoglu, 2007). I følge Valentine (1997) går naturbasert turisme ut på "Dirkete nyte/oppleve en relativt uberørt natur".  Oppleving, stil og sted er i føgje Valentine (1997) alle viktige dimensjoner i  (Valentine,1997 i  Mehmetoglu 2007).

Naturbasert turisme kan delast i fleire undersegmenter (Mehmetoglu 2007) Økoturisme, Spenning- /Eventyrreiser, Kulturbasert turisme og sol og badeferie er alle former for naturbasert turisme  

Foto: Linda Gamletoft Hansen

Litteratur: Mehmetoglu, M. (2007). Naturbasert turisme, Bergen ;Fagbokforlaget

tirsdag 6. september 2011

Klatre og buldretur til Hallingdal

Mål for turen:
  • Kjenne til de grove trekk i buldrehistoria
  • Kjenne til fenomenet buldring og hvordan denne aktiviteten kan brukes i vegleiingssammenheng.
  • Tilegning av trygg ferdsel kring lavlandsklippe
  • Gjennomføre trygg gruppeaktivitet på lave klipper/klatrevegg med taubruk
  • Kunne formidle gode sikringsrutiner ved klatring på klippe og ved rappell
Grunnen til at vi velger å reise så langt for å klatre er at klimaet i halingdal er meir stabilt enn i Sogndal
på denne tiden av året. Værmeldingene for denne veka var i midlertid lunkne, med mange dagar med nedbør. Heldigvis vart det ikkje
så verst, og vi fekk klatre og buldre kvar dag.

Eg har dreve ein del med sportsklatring, derfor såg eg særskild fram til å få ein innføring i klatring på naturlige sikringar på denne turen. Å klatre på naturlige sikringer vil seie at ein sjølv setter ulike type sikringar mens ein ledar oppover fjellet. Å kunne sikre naturlig gir ein mogligheit til å  klatre plassar der det ikkje er faste bolter. På denne måten kan ein til dømes nå fjelltoppar som krever litt klatring / klyving.

Det finnes mange ulike sikringsmiddel som ein kan nytte når ein klatrar naturlig. På denne turen fekk vi innføring i kiler og kamkiler.

Når ein klatrar "naturlig" er ein avhengig av å klatre der fjellet gjær det moglelig å sette sikringar. Dette er ofte langs riss, eller linjer der det er mange sprekker å sette sikringene i. Felles for både kiler og kamkiler er at Sikringen må settes slik i dragretningen i eit eventuelt fall. På denne måten vil ikkje sikringen vri seg ut av posisjon, og belastningen blir i riktig retning (Tronstad, 2005).

Når kilene blir belasta blir kraften fordelt ut til sidene i risset. Det er då viktig at fjellet rundt risset er av god kvalitet, om ikkje kan steiner "sprenges" ut slik at sikringen ikkje holder, eller nokon får stein  i hovudet. Faren for at sikringsmiddelet sprenger ut fjellet er større ved kamkiler enn ved kiler, etter som kamkiler utvider seg meir.

Kiler (Bilde 1) er ein type passiv sikringsmiddel. ein kile må settes i ein sprekk eller riss som er V-forma. Kilen må settast slik at risset bil smalere i dragretninga, på denne måten kiler sikringen seg fast ved belastning (Tronstad, 2005).

Ein kamkile (bilde 2) er laga for å kunne sikre i paralelle riss. dvs riss som ikkje er V-forma. Kamkiler har ein mekanisme som utvider kilen når den blir belasta, på denne måten er den ikkje avhengig av at risset blir mindre i dragretningen for at den skal låse seg (Tronstad, 2005)

Literaturliste: S.Tronstad (2005) Innføring i klatring