onsdag 8. september 2010

På tur i høstfjellet

Då var det klart for ein ny tur med glade frilufslivstudentar! Turen gjekk frå Grinde i leikanger og over til sogndalsdalen. Vi planla å bruke 5 dagar på turen. Dei første 3 dagane var heile klassa samla, mens dei siste to dagane skulle planleggast og gjennomførast gruppevis.  Gruppa besto av meg, Lars, Sara og Sigrid.



Måla for turen var:
  • Basisfriluftsliv med vekt på ferdsel i høyfjellet, vandring, leirslaging, bekledning, telt, pakking av sekk og annet.
  • Innføring i orientering og veivalg i høyfjellet
  • fjellflora og naturkjennskap generelt for friluftslivsveiledere.
Dei første tre dagane brukte vi til å forflytte oss frå Grinde til Nyastølen i Henjadalen. Desse dagane var det botanikk og naturkjennskap som stod i fokus.


Vi var så heldig å ha med Odd Lenart og botanikaren Anders Vollan som vegleiarar dei første daganeUndervisninga i fjellflora og naturkjennskap gjekk føre seg mens vi forflytta oss. Møtte vi på interessante blomster, lav, mose, starr eller andre vekster, stoppa vi opp for å høre kva artig informasjon eller historier Anders og Odd lenart hadde på lager.


Ruta, leirplassar er merka med rødt.
Gruppa vår bestemte seg for å gå via blåfjell til Hodlekve i sogndalsdalen. I form av samtaler og quiz forsatte vi å jobbe med fjellflora og naturkjennskap. I dei siste to dagane jobba gruppa meir med basisfrilustsliv og orientering. Gruppa fekk dermed moglegheit til å skaffe eigne erfaringar og reflektere over desse.

Høst er sopptid, og det var stedvis mykje sopp i fjellbjørkeskogen. Sopp er god mat på tur, men det er viktig å velje riktig sopp. I Noregs sopp og nyttevekstforbund har definert 5 soppar som kan reknast som sikre soppar. Desse blir rekna som sikre fordi det er vanskelig å forveksle med giftige soppar.


  1. Kantarell
  2. Matblekksopp
  3. Fåresopp
  4. Mat riske
  5. Piggsopp
Den finnes mange giftige sopper i Noreg. Mange kan gi alvorlig forgjifting, men det er bare fire sopper som blir rekna som dødlige:

  1. Spiss giftsslørsopp
  2. Butt giftsslørsopp
  3. Grønn fluesopp
  4. Kvit fluesopp
I lia mellom Nyasølen og Vetle trastdalsvatnet var det store mengder ekte kantarell. Kantarellen stekte vi i smør og krydra med salt og pepper,dette var veldig godt og kan absolutt anbefalast!


Kjennskap til naturen er ein viktig del av mitt friluftsliv.Spor og sporteikn gir både innsikt dyrs adferd og samspillet i naturen. Artige historiar, bruksområder og  lokale namn på plantar og kan være nyttig i vegleiingssamanheng. Naturkjennskapen kan taskat fram i høvelige situasjonar, slik at vegleinga blir meir interessant. Til dømes kan ein fortelle ei artig historie om fjellmarikåpe eller islandslav mens ein ventar på ein turdeltakar, då vil ein flytte fokuset vekk frå at ein ventar på nokon og over på noko positivt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar