søndag 19. september 2010

Vandring på bre

Vandring på isbre kan være utfordrane og forbunde med livsfare. Et taulag kan einten nytte vandremetoden eller klatremetoden for å ta seg fram på bre, kva metode som vert nytta er avhengig av kor vanskelig og farlig terrenget er å forsere. Vandremetoden vil seie at alle i taulaget heile tida bevegar seg med løpandes sikringar, mens i klatremetoden er det bare ein i taulaget som kan bevege seg til ein kvar tid.

Dersom ein i taulaget faller og skir ned i ei bresprekk på blåisen, har resten av teltlaget ingen problem med å dra han/hun opp igjen med handmakt. Om ein i taulaget faller ned i ein sprekk på snødekt bre, kan det være vanskelig å dra opp personen, fordi tauet kan kile seg i snø-leppa. Dersom dette skjer kan ein nytte forskjellige metodar for å få personen opp, i denne bloggen skal eg gjære rede for hjelpe-talje metoden (Haslene, 2008):



  • Nr 2 i taulaget må: avlaste tauet med ein isskrue som er festa i tauet via ein klemknute og ein slynge.
  • Den siste i taulaget bevegar seg frem langs tauet.
  • Siste mann setter ned ei isskrue
  • Siste mann lagar ein dobbel 8-tallsknute og fester denne i ein carabiener som festes i issruen.
  • Siste mann fester ein carabiner i tauet, og senker den ned til den som skal reddast.
  • Den som skal reddes fester carabineren i sentralløkka og strammer inn på klemmknuten etterkvart som han blir heist opp

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar