Mål for turen:
- Prøve ulike former for isfiske
- Ha det fint på tur
- Jobbe med leir-rutinar
- Jobbe med orienteringsferdigheter i variert terreng.
Når ein skal fiske på isen kan ein nytte forskjellige metodar for å få fisken på kroken:
Ståsnøre: Lag til eit snøre med ein krok og eit søkke. Fest agn på kroken, maggott, meitemark og akkar er gode tips Slepp snøret ned til ca 0,5m over bunn og sett stikka fast i snøen. Det kan være lurt på isolere hullet med snø slik at det ikkje fryser på i løpet av natten.
Ståsnører er effektivit fordi ein kan fiske mange plassar på samme tid. Ein får ofte ørret på denne metoden.
Røyeblink: Lag til eit snøre med ein røyeblink og ein krok som er festet som er festet ca 10 cm under blinken. Fest maggott eller akkar til kroken og slipp den ned i hullet. Blinken skal rykkes og nappes i forskjellig tempo og takt, det er viktig å variere. Eit tips kan være å dunke blinken i iskanten eller ned i bunn for å lokke til seg nysgjerrig fisk. Fiske med blink skjer ofte etter røye fordi dei ofte er nysgjerrige på lys og bevegelser.
Balansepilk: Dette er ein krok som balanserer horisontalt i enden av snøre, Når ein rykker i snøre beveger kroke seg frå side til side og imiterer smårøye eller småørrett som er byttefisk for større fisk med fisk på dietten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar