Mål for turen:
- Snøkjennskap
- Veivalg bratt lend
- Kjøremønster
- Glisade
- Sikringsmiddel i snø
- Snødekt bre, redning
- GPS
Den første dagen tilbrakte vi rundt telta ytters i Ringsdalen. Her var klassen delt opp i tre grupper som arbeida på 3 forskjellige stasjonar. Ved den første stasjonen repiterte vi bruk av GPS, ved den andre stasjonen trente vi på glisade, sette snøanker og korleis ein skal bevege seg i bratt terreng både med og uten stegjern. Ved den tredje posten repiterte vi kameratredning på snødekt bre, som vi lærte i jostedalen i høst.
Den andre dagen delte vi oss opp i tre homogene grupper som alle skulle gå opp mot Store Ringstind. Gruppa som eg var med på hadde som mål å prøve å nå toppen av Midtre Ringstind etter vi hadde vore på store, om det lot seg gjære. Når vi kom ned frå Store Ringstind viste det seg at sola hadde tatt mindre i den sørvest vente siden på Midtre Ringstind og vi bestemte oss for å gå opp på toppen.
Turen på Store og Midtre Ringstind vart ein fantastisk tur som varte i over 8 timar! Vi traff veldig bra på timingen av sola si oppvarmingen av snødekke slik at vi fekk veldig bra skiføre på begge fjella.
Den tredje dagen vart vi delt opp i relativt hetrogene gupper og turen gjekkopp på Steindalsnosi. For å få best mogleg forhold i den vestvente flanken venta vi ca 1,5 time på toppen, slik at snøen skulle bli varma opp.
På våren blir snødekke homogenisert, heile snødekke blir eit tjukt lag med storkorna snø. Dette betyr at det ikkje kan gå flakskred på denne tiden av året. Faren på denne tiden av året er som regel løssnøskred som følge av sola sin oppvarming på snødekket.
Sola varmer opp snødekket og gjær det laust, mens nattefrosten gjær snødekke beinhardt. for å kunne ferdes sikkert om våren må ein alltid vite kor mykje sola har varma opp snødekket i det området ein skal gå i. Ein ønskjer at snødekke skal være mjukt å kjøre i samtidig som det ikkje er for mjukt slik at det kan gå laussøskred. For at ein skal treffe med denne timinga er det viktig å tenkje nøye over kor mykje sola steiker, kor tid på dagen.
Til dømes var føret best på den østvendte Store Ringstind kl 1300, mens den meir sørvest vendte Midtre Ringstind var forholda topp kl 1500.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar