torsdag 17. november 2011

Veg-gledartur

Endeleg klar for vegleiartur! Etter to år som deltakar var det min tur å være vegleiarar. Eg og min medvegleiar Sigrid fekk med oss B2 studentane Tale og Nina og B1 studentane Bjørner, Vigdis, Kristoffer, Mikkel, Frida og Eli på sykkel og vantretur til Kaupanger.
På turen var hovudfokuset på basisferdigheter som orientering, leirrutiner og bålfyring.

Foto: Sigrid Pincus Gjertsen
Dette er den første turen på denne utdanninga der vi har fått prøve oss som vegleiarar med fullt ansvar for ein gruppe på tur. I dette blogginnlegget vil eg gå inn på ulike lederstiler og reflektere kring bruken av ulike leiarstilar på turen. 

Priest & Gass (2005) presenterer tre forskjellige lederstiler:

Autokratisk leiarstil: Vegleiar har full kontroll på dei avgjersle som blir tatt og korleis gruppa skal følgje desse avgjersla

Ein autokratisk leiarstil lønnar seg dersom ein har stort fokus på oppgåva og resultatmål eller dersom forholda er ugunstige. På denne turen hadde vi stort sett fokus på prosessmål og det sosiale, samtidig var forholda på turen gunstige. På bakgrunn av dette vade vi i svært liten grad å bruke denne leiarstilen. Eit tilfelle der vi valt å bruke ein autokratisk leiarstil var då vi skulle sykle gjennom eit trafikkert vegkryss. Mykje trafikk saman med ukjente deltakarar gjorde situasjonen ugunstig og ein autoritær leiarstil var nødvendig for å oppretthalde sikkerheita.

Vegleiar leiar ann
Foto: Sigrid Pincus Gjertsen

Demokratisk leiarstil: Vegleiar samarbeider med gruppa for å finne fram til den beste løysinga.

Demokratisk leiarstil kan brukast når forholda er middels gunstige og fokuset både er på oppgåva og det sosiale. Dette er den leiarstilen som vart nytta mest på denne turen. Under konstruksjonen av ein gapahuk brukte vi ein demokratisk leiarstil. Bruken av leiarstilen resulterte i at vi fekk ein konstruktiv diskusjon kring ulike aspekt ved bygging av gapahuk.

Gruppa finn fram til den beste løysinga
Foto: Sigrid Pincus Gjertsen
Abdikratisk leiarstil: Vegleiar overlatar beslutningsansvaret s ansvaret til gruppa. Eg vil presisere at det juridiske ansvaret ikkje kan deligerast til gruppa, men ligger alltid hos vegleiar.

Abdikratisk leiarstil kan brukast når forholda er gunstige og fokuset er på å oppnå prosessmål. Den andre dagen som vi skulle lage gapahuk valgte vi å nytte ein abdikratisk leiarstil framfor ein demokratisk som vi hadde nytta dagen før. Deltakarane kan då nytte erfaringane frå tidligare, å overføre dette til denne situasjonen.  

Val av leiarstil er avhengig av læringsmåla på turen og situasjonen gruppa befinner seg i. Vegleiar må bruke faglig skjønn basert på tidligare erfaringar til å sjå ann situasjonen opp mot læringsmåla og velje ein leiarstil ut i frå dette. Det er viktig ein som vegleiar kan være dynamisk og veksle mellom ulike leiarstilar, dette krevjar erfaring og trening.
God tur!

Priest, Simon & Gass, Michael A. (2005) Effectve Leadership in Adventure Programming. New Hampshire: Human Kinetics.

onsdag 16. november 2011

Klatretur til Frankrike

3.klasse Friluftsliv ved HISF har vore på studietur til den franske rivieraen for å oppleve korleis franskmennene driver naturbasert turisme og klatring. Under oppholdet var vi for det meste i Valon de Sour og klatre sportsklatring på lavtlandsklippe. Klippene i området er av dolomitisk kalkstein som vart  for ca 140 til 160 millioner år sida. Vi var også på ekrusjonar til ein via-ferata i Peile,vandring i Verdon (europas djupeste canion) og på handelsmarknad i Aix de Provanc.





Priest og Gass (2005) legger særlig vekt på vegleiaren sin rolle som tilrettelegger. Riktig tilrettelegging og tilpassing av undervisningen er nøkkelen til personene i gruppa opplever meistringsfølelse, dette skaper motivasjon til videre læring. Ein type læringssitasjon passer sjeldent for heile gruppa, for å tilpasse vegleiinga er det derfor viktig å kartlegge behovene til deltakerene. Videre må vegleiaren konstruere endringsprosesser slik at deltakerene oppnår ønska erfaring og læring. Det er viktig at vegleiar kjem med konstruktive tilbakemeldinger og oppmuntring for å motivere til læring.



Når det er god balanse mellom Ferdigheter/kunnskap og Risiko/Utfordringer opplev deltakeren maksimal mestring. Dette fenomenet blir ofte omtala som Flyt eller peak adventure (Priest & Gass, 2005). For at veleiaren skal kunne gi god tilrettelegging i klatring er det ein stor fordel dersom vegleiar kjenner til rutene.



Priest, Simon & Gass, Michael A. (2005) Effectve Leadership in Adventure Programming. New Hampshire: Human Kinetics.

mandag 10. oktober 2011

Buldring på kvam

Buldring på kvam med Jørgen. God friksjon og artig buldring!

Mantling på "Mantelsauen" 6A+


Forsøk på "Tyngre briller" 6B

Jørgen går "Tyngre Briller" 6b

Hard hooking på "Svin på skogen" 5+ ?

søndag 9. oktober 2011

Jakttur til Leikanger!

No var det på tide at eg fekk sjekka ut Rypeforholda i Sogndal og omegn! Eg og Magnus bestemte oss for å ta oss ein tur opp til fjærlandsetevatnet for å sjå kva vi fant. Værmeldingene såg så som så ut, og sånn blei det og :)

Etter bare nokre hundre meter flaug det opp ei orrhøne på kloss hold! bare så synd at det var ca 5 kilometer å gå før jatterrenget vårt begynte :)
Det var bra med rypet i terrenget, heile 7 ryper såg vi! men det ble dessverre bare hull i lufta.
Uansett var det ein fin fin jakttur denne oktober-dagen.






søndag 2. oktober 2011

lørdag 1. oktober 2011

Naturbasert turisme i Nærøyfjorden

So var det klar for rotur i verdsarvområdet nærøyfjorde! Bussen gjekk frå Sogndal til Urdal, kor 3 robåtar låg og venta på oss. Etter ein omvisning i Urdal tok vi oss til skulestova i Dyrdal, der vi skulle overnatte.  Dagen etterpå tok vi oss vider inn til Gudvangen, der vi fekk høre om korleis dei nytta dei naturlige omgivnadane til turisme. Blant anna fekk vi høyre om planane om å bygge ein vikinglandsby. Robåtene vi nytta var "fjordfæringar", som har lange tradisjonar for ferdsel på Sognefjorden.



Mål
  •  Kjenne historia til sognafæringen og korleis den vart brukt i Indre Sogn
  •  Kjenne til Kystledet og korleis bruke robåt i friluftsliv undervisning
  •  Gjennomføre trygg gruppeaktivitet på fjorden med robåt
  •  Gjennomføre studenttema med tema turisme, naturbasert turisme og økoturism
Naturbasert turisme

På denne turen var naturbasert turisme eit av houvdtemaet. Det er ein rekke ulike definisjonar på kva naturbasert turisme er. Laarman og Burst definerte naturbasert turisme som turismeaktiviteter som inneholdt læring, rekreasjon og spenning (Mehmetoglu, 2007). I følge Valentine (1997) går naturbasert turisme ut på "Dirkete nyte/oppleve en relativt uberørt natur".  Oppleving, stil og sted er i føgje Valentine (1997) alle viktige dimensjoner i  (Valentine,1997 i  Mehmetoglu 2007).

Naturbasert turisme kan delast i fleire undersegmenter (Mehmetoglu 2007) Økoturisme, Spenning- /Eventyrreiser, Kulturbasert turisme og sol og badeferie er alle former for naturbasert turisme  

Foto: Linda Gamletoft Hansen

Litteratur: Mehmetoglu, M. (2007). Naturbasert turisme, Bergen ;Fagbokforlaget

tirsdag 6. september 2011

Klatre og buldretur til Hallingdal

Mål for turen:
  • Kjenne til de grove trekk i buldrehistoria
  • Kjenne til fenomenet buldring og hvordan denne aktiviteten kan brukes i vegleiingssammenheng.
  • Tilegning av trygg ferdsel kring lavlandsklippe
  • Gjennomføre trygg gruppeaktivitet på lave klipper/klatrevegg med taubruk
  • Kunne formidle gode sikringsrutiner ved klatring på klippe og ved rappell
Grunnen til at vi velger å reise så langt for å klatre er at klimaet i halingdal er meir stabilt enn i Sogndal
på denne tiden av året. Værmeldingene for denne veka var i midlertid lunkne, med mange dagar med nedbør. Heldigvis vart det ikkje
så verst, og vi fekk klatre og buldre kvar dag.

Eg har dreve ein del med sportsklatring, derfor såg eg særskild fram til å få ein innføring i klatring på naturlige sikringar på denne turen. Å klatre på naturlige sikringer vil seie at ein sjølv setter ulike type sikringar mens ein ledar oppover fjellet. Å kunne sikre naturlig gir ein mogligheit til å  klatre plassar der det ikkje er faste bolter. På denne måten kan ein til dømes nå fjelltoppar som krever litt klatring / klyving.

Det finnes mange ulike sikringsmiddel som ein kan nytte når ein klatrar naturlig. På denne turen fekk vi innføring i kiler og kamkiler.

Når ein klatrar "naturlig" er ein avhengig av å klatre der fjellet gjær det moglelig å sette sikringar. Dette er ofte langs riss, eller linjer der det er mange sprekker å sette sikringene i. Felles for både kiler og kamkiler er at Sikringen må settes slik i dragretningen i eit eventuelt fall. På denne måten vil ikkje sikringen vri seg ut av posisjon, og belastningen blir i riktig retning (Tronstad, 2005).

Når kilene blir belasta blir kraften fordelt ut til sidene i risset. Det er då viktig at fjellet rundt risset er av god kvalitet, om ikkje kan steiner "sprenges" ut slik at sikringen ikkje holder, eller nokon får stein  i hovudet. Faren for at sikringsmiddelet sprenger ut fjellet er større ved kamkiler enn ved kiler, etter som kamkiler utvider seg meir.

Kiler (Bilde 1) er ein type passiv sikringsmiddel. ein kile må settes i ein sprekk eller riss som er V-forma. Kilen må settast slik at risset bil smalere i dragretninga, på denne måten kiler sikringen seg fast ved belastning (Tronstad, 2005).

Ein kamkile (bilde 2) er laga for å kunne sikre i paralelle riss. dvs riss som ikkje er V-forma. Kamkiler har ein mekanisme som utvider kilen når den blir belasta, på denne måten er den ikkje avhengig av at risset blir mindre i dragretningen for at den skal låse seg (Tronstad, 2005)

Literaturliste: S.Tronstad (2005) Innføring i klatring

tirsdag 3. mai 2011

Vårskikjøring i Hurrungane

Då har vi vore på ein 3 dagers tur i Hurrungane i Jotunheimen. Fantastiske topper, strålende sol og høge temperaturer var med på å gjære turen komplett.

Mål for turen: 
  • Snøkjennskap
  • Veivalg bratt lend
  • Kjøremønster
  • Glisade
  • Sikringsmiddel i snø
  • Snødekt bre, redning
  • GPS


Den første dagen tilbrakte vi rundt telta ytters i Ringsdalen. Her var klassen delt opp i tre grupper som arbeida på 3 forskjellige stasjonar. Ved den første stasjonen repiterte vi bruk av GPS, ved den andre stasjonen trente vi på glisade, sette snøanker og korleis ein skal bevege seg i bratt terreng både med og uten stegjern.  Ved den tredje posten repiterte vi kameratredning på snødekt bre, som vi lærte i jostedalen i høst.

Den andre dagen delte vi oss opp i tre homogene grupper som alle skulle gå opp mot Store Ringstind. Gruppa  som eg var med på hadde som mål å prøve å nå toppen av Midtre Ringstind etter vi hadde vore på store, om det lot seg gjære. Når vi kom ned frå Store Ringstind viste det seg at sola hadde tatt mindre i den sørvest vente siden på Midtre Ringstind og vi bestemte oss for å gå opp på toppen.
Turen på Store og Midtre Ringstind vart ein fantastisk tur som varte i over 8 timar! Vi traff veldig bra på timingen av sola  si oppvarmingen av snødekke slik at vi fekk  veldig bra skiføre på begge fjella.




Den tredje dagen vart vi delt opp i relativt hetrogene gupper og turen gjekkopp på Steindalsnosi. For å få best mogleg forhold i den vestvente flanken venta vi ca 1,5 time på toppen, slik at snøen skulle bli varma opp.




På våren blir snødekke homogenisert, heile snødekke blir eit tjukt lag med storkorna snø. Dette betyr at det ikkje kan gå flakskred på denne tiden av året. Faren på denne tiden av året er som regel løssnøskred som følge av sola sin oppvarming på snødekket. 

Sola varmer opp snødekket og gjær det laust, mens nattefrosten gjær snødekke beinhardt. for å kunne ferdes sikkert om våren må ein alltid vite kor mykje sola har varma opp snødekket i det området ein skal gå i. Ein ønskjer at snødekke skal være mjukt å kjøre i samtidig som det ikkje er for mjukt slik at det kan gå laussøskred. For at ein skal treffe med denne timinga er det viktig å tenkje nøye over kor mykje sola steiker, kor tid på dagen.

Til dømes var føret best på den østvendte Store Ringstind kl 1300, mens den meir sørvest vendte Midtre Ringstind var forholda topp kl 1500.


fredag 15. april 2011

Til Femundsmarka på jakt etter storfisken!

Lysten på stor fisk har blitt for stor. Magnus, Frode og Mads var av samme oppfatting, og vi bestemte oss tidlig at vi ville bruke eigenferden til å isfiske. Turen gjekk til Femundsmaka Nasjonalpark, som ligg på grensa mellom Hedmark og Sør -Trøndelag. Femundsmarka er eit stort villmarksområdet som er prega av furuskog og skogsvatn, men har også partier med snaufjell. I femundsmarka er det muligheiter for eit svært variert  fiske, her kan ein mellom anna få Gjedde, Abbor, Sik, Ørret og Røye.

Mål for turen:
  • Prøve ulike former for isfiske
  • Ha det fint på tur
  • Jobbe med leir-rutinar
  • Jobbe med orienteringsferdigheter i variert terreng.

Når ein skal fiske på isen kan ein nytte forskjellige metodar for å få fisken på kroken:

Ståsnøre: Lag til eit snøre med ein krok og eit søkke. Fest agn på kroken, maggott, meitemark og akkar er gode tips Slepp snøret ned til ca 0,5m over bunn og sett stikka fast i snøen. Det kan være lurt på isolere hullet med snø slik at det ikkje fryser på i løpet av natten.
Ståsnører er effektivit fordi ein kan fiske mange plassar på samme tid. Ein får ofte ørret på denne metoden.

Røyeblink: Lag til eit snøre med ein røyeblink og ein krok som er festet som er festet ca 10 cm under blinken. Fest maggott eller akkar til kroken og slipp den ned i hullet. Blinken skal rykkes og nappes i forskjellig tempo og takt, det er viktig å variere. Eit tips kan være å dunke blinken i iskanten eller ned i bunn for å lokke til seg nysgjerrig fisk. Fiske med blink skjer ofte etter røye fordi dei ofte er nysgjerrige på lys og bevegelser.

Balansepilk: Dette er ein krok som balanserer horisontalt i enden av snøre, Når ein rykker i snøre beveger kroke seg frå side til side og imiterer smårøye eller småørrett som er byttefisk for større fisk med fisk på dietten.


fredag 25. februar 2011

Tur til Vigedalen

Denne gongen gjekk turen til Vigedalen. Vigedalen er ein sidedal til Jostedalen og ligger like utafor Breheimen som vart Nasjonalpark i 2009. Denne turen var ein kort tur med 1 overnatting.  Den første dagen hadde vi gjennomgang av kameratredning av skredtatte, mens den andre dagen gjekk med til topptur, samt litt meir gjennomgang av kameratredning.

Dei faglege måla som vi jobba mot på turen var:
         Tilegne seg kunnskap om utstyr og metoder i forbindelse med bedret sikkerhet i bratt terreng
         Knytte til seg erfaring om kameratredning i snøskred
         Innføring av veivalg og organisering av grupper på tur i bratt terreng

Om nokon blir tatt i snøskred er tid ein vesentleg faktor for om ein overlever. Vi veit sjansen for at ein
begravd person overlever reduserest drastisk når ein har blitt begravd meir enn i 15 minutter.
Sida tiden er ein så viktig faktor er ein begravd person nesten alltid avhengig av kameratredning for å
overleve. Det er derfor viktig at ein har gode rutinar og har øvd mykje på dette.
I det følgende skal eg prøve å gi ein "oppskrift" på korleis ein kameratredning utan bruk av S/M utstyr
kan oraniserast på ein effektiv og grundig måte.

  1. Ta ledelsen
  2. Skaff overblikk over situasjonen. Er det trygt å utøve kameratredning? kan det komme etterskred? Sikkerheiten til redningsmenn må alltid komme først.
  3. Overflatesøk. Gå over skredet og leit etter ski, staver, spor osv. Funn i skredmassene fortellerer oss noko om kvar dei skredtatte kan ligge. Stikk sporadisk i bakevjer, som til dømes bak steine og treer, her kan ein ofte gjære funn.
  4. Forsøk å skaffe eit  heilheitlig bilde av snøskredet og bestem primær søketeig ut i frå informasjon du har fått i overflatesøket, vitner osv.
  5. Sett igong 3 punkt grovsøk med søkestang i den primære søketeigen. 
  6. Ved funn må ein la søkestanga stå i ro. Utgraving skal skje nedenfor funnstedet slik at dei som graver slepp å hive snøen oppover.
  7. Utfør førstehjelp. Dersom personen er bevist kan ein la være å grave han/ho heilt ut for å hindre nedkjøling mens ein venter på hjelp.

mandag 7. februar 2011

Vintertur over Reineskarvet

So var vi tilbake frå vinterturen. Det har vore mykje vær, men god stemning og ein flott tur! Turen gav fine utfordringar og gode erfaringar.
Passe dagsetapper

På mange av dagsetappane hadde vi lite eller ingen sikt. Under slike forhold kan være veldig krevjande og ta seg fram, serlig på vinterfjellet kor mykje av landskapets konturar er viska ut av snøen.
I situasjonar der ein står i fare for å komme inn i skredfarleg terreng eller utløpssonar er det lurt å etablere leir og vente på betre sikt. Dette er også ein god løysing dersom ein ikkje klarar å finne ut kor ein befinner seg på kartet og dermed ikkje har kontroll på at ein befinn seg i eit trygt terreng.
Har ein har kontroll på kor ein befinner seg, og veit at ein kan halde seg på god avstand frå skredfarlig terreng er det fullt mogeleg å ta seg fram forsvarleg til tross for svært dårlig sikt.

Metoden som beskrevet under er svært effektiv for å ta seg fram som ein gruppe i dårlig sikt. Metoden er hentet frå Horgen (2009).


  • Gruppa tar ut konpasskurs frå eit sikkert punkt til eit anna.
  • Gruppa går på ei rekke der nummer 1 går på kurs mens nummer 2 og 3 korrigerer nummer 1.
Der er ofte ein utfordring for den som går ført og halde ein rett kurs. Dette gjøres best ved at ein finner små steiner eller andre haldepunkt lengre framme i terrenge og bruke desse til å sikte etter.
Når ein skal korrigere kursen er det viktig at ein ikkje gjær for store utslag slik at gruppa blir gående veldig mykje i zikk-zakk.


Vi som friluftslivsstudenter skal utdanne oss slik at vi kan ta med andre mennskje ut i naturen. Det er i den sammanheng veldig viktig og interressant å sjå på korleis vegleiarane våre løyser forskjellige læringssituasjonar. Ein vintertur kan i seg sjølv være veldig utfordrande, dette skapar heile tiden nye erfaringar for deltakarane. Ein slik læring kan vi kalle erfaringsbasert læring. Under ein slik læringsform er vegleiars rolle ofte tilbaketrukken slik at deltakarane sjølv kan erfare og dermed lære.
Metodene Lena og Odd lenart brukte under vegleinga varierte, men det virka som om dei var veldig  prosil essorienterte, dei gav oss god tid til  å løyse situasjonar på eigenhand og dermed rom til å lære.
I tillegg til den erfaringsbaserte læringa som heile tida fant stad var det også mykje sitasjonsbestemt læring. Vegleiarane var veldig flinke til å utnytte dei ulike læringssitasjonane som oppstod til det fulle.

Døme: Gruppa er på veg inn under eit potensielt skredfarlig terreng. Vegleiar stoppar gruppa og spør spørsmål for å få gruppa til å tenkje over situasjonen. Korleis ser terrenget ut over oss? Er henget skredfarleg? Korleis må vi legge ruta for å ungå eventuelle farer?

lørdag 29. januar 2011

Vintertur over Reineskarvet - Før turen

Etter ein lang og fin juleferie var det endelig klart for årets første tur sammen med friluftslivsklassen!
Planen for turen er at vi skal gå frå Breistølen, over Reineskarvet og komme ned  i Hemsedal.
Vegleiarar på turen er Odd Lenart Vikene og Lena Dahl.

Dag 1: Breidstølen - Starsjøen (Nord), ca 6 km.
Dag 2: Starsjøen (Nord) - Øvre Bjordalsvatnet (sør), ca 9 km.
Dag 3: Øvre Bjordalsvatnet (sør) - Djupsbotn, ca 13 km.
Dag 4: Djupsbotn - Skarvanstølslåne, ca 15 km.
Dag 5: Skarvanstølslåne - Storebottjørne ca 8 km.
Dag 6: Storebottjørne - Hemsedal 10 km.

¨

Måla for turen var:

•Ivareta sikkerhet
•Ha det hyggelig
•Bli trygg på å etablere teltleir og bygging av snøhole på vinterfjellet
•Bli trygg på orientering med bruk av kart og kompass i vinterfjellet
•Bli trygg på å bruke kokeapparat vinterstid
•Trene på våkent veivalg i forhold til ferdsel på vintersnø


Ser fram til ein lærerik og hyggelig tur over Reineskarvet!